Båtbyggarhistoria i Bøfjorden

Leif Jørgen Akse (Hyllestad Sogelag)

Not available in English

Sidan sist på 1800 talet har Bøfjorden vore nemd som staden for båtbygging i Ytre Sogn, først seglfartøy av tre, seinare motorfartøy av jern og stål.

Tegning av sagbruket på Tveit, (teikning av ei oppgangssag).

Bendik Bråstad og Bråstad båtbyggjeri:

Ved sjøen på Bråstad står det eit stort verkstadhus og vitnar om tidlegare aktivitet. Her låg «Bråstad Båtbyggjeri», som i etterkrigsåra bygde små og store motorbåtar av tre. Bendik Bråstad starta det heile i 1944, og var aktiv til kring 1970.

Båtbyggjarverksemda hans byrja i Værlandet rett etter 1930. Her ute, i Søre Kleivavågen, etablerte Bendik Bråstad seg som ein velkjend båtbyggjar.

I 1944 vart verksemda, Bråstad Båtbyggeri, flytta til heimegarden i Bøfjorden.

Her vart det bygd fiske- og fraktebåtar opp til 60 fot, men mest mindre fartøy mellom 25 – 40 fot. Ved montering av motor i dei største nybygga samarbeidde Bråstad med Løland Motorverkstad.

Bilde 1: Bråstad Båtbyggeri

Bilde 2: Bygging av m/s «Solbjørg»

Bilde 3: Gavlbåten «Union»

Jekta “Evina”, bygd på Tveit i 1903

Jektebyggarane på Tveit

Frå eldgamal tid var tilgang på skog grunnlaget for at båtbygging voks fram. Sagbruk i fjordbygdene gjorde arbeidet til båtbyggjarane lettare og meir effektivt. I 1791 fekk bonden på Tveit løyve til å bygge ei oppgangssag. Sagbruket på Tveit voks til det største i ytre Sogn. Stranda på Tveit vart då ein høveleg stad for båtbygging, og røynde jektebyggarar frå Hardanger, brørne Vevik, flytta hit før 1900, og med seg hadde dei ny teknikk for bygging av sognejekter, mellom anna kravellbygging. Det mest kjende fartøyet som vart bygd på Tveit, er den store råsegljekta «Evina».

Jonas Løland - frå smie til Løland Motorverkstad:

Jonas Løland (1877 -1960) voks opp på småbruket Øyna på Løland. Faren var ein kjend låsesmed, så mest sjølvsagt skaffa Jonas  seg to år i smedlære i Bergen, - den einast utdanninga hans. Ei tid var han smed på veganlegg, og frå 1907 til 1911 på Rjukan-anlegget.

Saman med ein sambygding fekk han i 1914 hand om eit saghus i Bøelva, tett ved sjøen.  Her vart det sett opp verkstad og smie. Først dreiv Jonas vidare åleine med smedarbeid og motorreparasjonar. I 1918 fekk han saman med to andre bygd ein patentslipp ikkje langt frå verkstaden - ein ny fase i Jonas Lølands verksemd, og er rekna som startåret for Løland Motorverkstad.

I 1928 tok dei i bruk eigen kraftstasjon i Bøelva og  litt lengre ute på Indre Bø, vart det sett opp eit verkstadbygg. Dei neste femti åra vart dette staden for motorverkstad og seinare ny slipp og bedding.

Bilde 1: Løland motorverkstad 1935.

Bilde 2: Tilsette og leiing ved Løland motorverkstad 1938.

•      Nils Løland, Jørgen Bøe, August Løland, Jonas Løland, Eliam Rysjedal, Anton Løland, Kristian Tveit, Johannes Løland, Magnus Årnes, Magnus Løland.

Bilde 3: Frå sjøsetjinga av bygg nr. 1 frå Løland Motorverkstad 1938.

•      Loftesnes-ferja

Bilde 4: Løland Motorverkstad a/s 1956

•      Utviding av «Gamleverkstaden»

•      Omorganisering til Løland Verft

•      Nytt verft på Ytre Bø.